Sparebanken Vest med stor gåve til Stryn Fotball på Fotballfesten!
Postet av Stryn Fotball den 7. Nov 2023
Sparebanken Vest har vore ein stor sponsor og bidragsytar til Stryn Fotball i mange år. Fredag signerte banken ny sponsoravtale på 3 nye år med klubben, noko vi set stor pris på!
Laurdag kveld kom ei ny gladmelding frå Sparebanken Vest! Midt under Fotballfesten, foran 80 feststemte medlemmar av klubben overleverte Siri Merete Fure ein gåvesjekk på heile kr 100.000 til Stryn Fotball frå banken! Gåva kom som ei stor overrasking på alle saman, og til stor jubel kunne styreleiar Rune Ommedal ta i mot gåvesjekken frå Fure.
Dei ansatte i SPV Stryn har fått med seg at endringar i Lov om pengespill har medført at vi ikkje får godkjent vårt tradisjonsrike Rabattlotteri i 2023, noko som naturleg nok medfører tapte inntekter klubben har budsjettert med. Dei skjønte kva dette betyr for oss og stillte då opp med ei meget gledeleg overrasking på laurdagskvelden!
Stryn Fotball vil med dette rette ei stor takk til Sparebanken Vest for gåva, dette kjem godt med!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stryn Fotball

Årets Julegavetips frå Stryn Fotball!
28.11.2023

Gullmerke med diplom til Evy Rossetvik
27.11.2023

Fair Play - sertifikat til Stryn Fotball!
16.11.2023

God innsats på Førde Cup for J16 og J19!
14.11.2023