3 poeng, vind og ekstremt gode sveler

Postet av Stryn Fotball den 9. Sep 2023

Ein glad gjeng etter kampslutt i Bremanger, med dei fire målscorarane i front. Håvard Kroken, Sigurd Fotland Fænn, Tomas Tjellaug og Mohammad Ali.


Stryn var i dag ut til vakre Bremanger for å knive om tre poeng i Kretsligaen. 

Eit heiltent heimelag kjempa Stryn ut av stilen frå start, og tok leiinga på ei kontring etter 14 minutt. Etter Bremanger sin friske start, synte Stryn seg som det beste laget. 

Utlikninga kom då Tomas Tjellaug klinka til frå 18 meter, og via ein Bremanger-forsvarar suste ballen i nettmaskene bak keeper.

Resten av omgangen var meir eller mindre eit konstant press mot eit lavtliggande heimelag, og Stryn burde definitivt leia til pause. Mellom anna hadde Vegard Hopland eit frispark i stolpen, og Steinar Hauge ei heading i tverliggaren.

Men Stryn måtte vere tålmodige i relativt sterk vind på Bremanger stadion. 6 minutt etter pause svinga Ole Ivan G. Espeland inn ein presis corner, og Mohammad Ali si heading var like presis.

Første halvdel av andre omgang var Stryn sin beste periode i kampen. Mykje vart avgjort då Tomas Tjellaug sin corner fann Sigurd Fotland Fænn inne i feltet. Sigurd si heading var strålande, sjølv om han i følge seg sjølv kneip igjen augo og håpa på det beste.

Håvard Kroken fastsette sluttresultatet til 1-4 då han utnytta litt panikk i Bremanger sine bakre rekker, og enkelt kunne trille ballen i mål frå 3 meter.

- Det vart ei tålmodighetsprøve for vår del. Vi møter eit kompakt og defensivt heimelag, som vi måtte bruke tid på å opne opp. Til slutt vinn vi fullt fortent, seier ein nøgd trenar Jon Terje Tjellaug etter kampslutt.

Etter kampslutt fikk bortelaget servert kaffi og ekstremt gode sveler. Svelene var smurt inn med smør og sukker. Smaken stod til terningkast 6. Høg klasse. Stryn Fotball takkar Bremanger for kampen, og god servering!


Bremanger - Stryn: 1-4 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023

Mål:
1-0 Vebjørn Igland Nigardsøy (14 min)
1-1 Tomas Eikenes Tjellaug (22 min)
1-2 Mohammad Ali (51 min)
1-3 Sigurd Fotland Fænn (59 min)
1-4 Håvard Kroken (68 min)

Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim (Marcel Kucab i 19 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Jesper Jepsen i 28 min), Jan Marius K. Brekke - Steinar Hauge (Mohamed Ahmed i 10 min), Mohammad Ali (Saeed Tajik i 28 min), Håvard Kroken


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.