Årets Julegavetips frå Stryn Fotball!

Postet av Stryn Fotball den 28. Nov 2023

Kjenner du ein som er glad i lokalfotball? Då har vi julegavetips til deg!

Her kan du få kjøpt 2 flotte bøker om fotballen i Stryn og Sogn og Fjordane:

1) "Fotball i 100 år" - Sogn og Fjordane Fotballkrets si jubileumsbok som tek for seg fotballhistoria til klubbar og krets. Forfattar Stig Roger Eide har gjort ein fantastisk jobb med denne boka! Her finn du historikk, historier frå fotballbanene rundt omkring, statistikk og bilder frå samtlege fotballbaner i Sogn og Fjordane Fotballkrets.
Pris: kr 300,-

2) "100 år med opplevingar" - Stryn Fotball si jubileumsbok i samband med 100-års feiringa i 2022. Forfattar Harald Vartdal brukte "heile" 2022 til å samle inn historier og bilder frå spelarar, hendingar, eldsjelar og andre med eit stort hjarte for Stryn Fotball. Resultatet vart denne fantastiske boka om klubben vår! Vi har fortsatt nokre eksemplar igjen - ypperleg julegåve til deg sjølv eller andre!
Pris: kr 200,-

3) "Fotball i 100 år" + "100 år med opplevingar" - pakkepris!
Pris kr 400,- 

Ta kontakt med Stryn Fotball på tlf 99387441, e-post  post@stryn-fotball.com eller stikk oppom kontoret på Stryn Stadion (08.00-1600) dersom du ynskjer å kjøpe ei eller begge bøkene.

Bøkane kan også kjøpast hos Stryn Fotball sin stand på Stryn Torg onsdag 29.11 og fredag 01.12  mellom 14.30-17.00. Då kan du også få kjøpt vår tradisjonsrike julekalender dersom du ikkje allereie har sikra deg den.

 




Kretsens Blå diplom til Rune Ommedal, Roar Haugstveit og Anders Maurset

Postet av Stryn Fotball den 27. Nov 2023

Denne helga var heile fotballfamilien i NFF Sogn og Fjordane samla til Kretsting i Førde. Som vanleg stod adminsitrasjon og styret i fotballkretsen for eit flott arrangement, med ei god blanding av fagleg innhald, Framlegg til avrøysting frå både klubbar og krets, pristudelingar og festmiddag.

Fleire stryningar fekk tildelt diplomar som synleg bevis for god innsats for lokalfotballen. Som kjent fekk Evy Rossetvik tildelt kretsen sitt Gullmerke for særskild stor og lang teneste. I tillegg fekk Rune Ommedal, Roar Haugstveit og Anders Maurset kretsen sitt Blå Diplom for sin mangeårige innsats for Stryn Fotball. Vi gratulerer alle saman med velfortente prisar!

Stryn var også representert på underhaldningsfronten på Kretstinget. Roy Aron Myklebust dukka stadig vekk opp på scena som fleire av sine kjende og kjære figurar, til stor applaus og latter frå salen!

Stryn Fotball vil takke Kretsen og klubbane for nok eit flott Kretsting!





Gullmerke med diplom til Evy Rossetvik

Postet av Stryn Fotball den 27. Nov 2023

Evy Rossetvik frå Stryn vart i  kveld tildelt Kretsen sitt Gullmerke med diplom som fyrste kvinne nokon gong. 

Gullmerke med diplom blir tildelt personar som har særskild stor og lang teneste for NFF Sogn og Fjordane. Tildelinga skjedde under NFF Sogn og Fjordane Fotballkrets sitt kretsting i Førde. 

Tidlegare dagleg leiar i fotballkretsen, Svein Olav Myklebust, fekk Også tildelt prisen på årets Kretsting.

Stryn Fotball gratulerer så mykje!





Fair Play - sertifikat til Stryn Fotball!

Postet av Stryn Fotball den 16. Nov 2023

Stryn Fotball er ein av 12 klubbar i NFF Sogn og Fjordane som no har fått tildelt Fair Play-Sertifikat for 2023! Sertifikatet blir delt ut til klubbar som har sett  Fair Play i fokus og jobba målretta for ein trygg og god fotballkvardag!

Stryn Fotball vil takke alle spelarar, trenarar, lagleiarar, foreldre, tillitsvalgte og ikkje minst Fair-Play utvalet v/Kamilla og Anne Siri! Saman skapar vi trygge og gode fotball-opplevingar for born og vaksne!




God innsats på Førde Cup for J16 og J19!

Postet av Stryn Fotball den 14. Nov 2023

Stryn deltok med 2 lag på Førde Cup i helga, og begge gjorde sine saker meget bra! Både J16 og J19 gjekk vidare til A-sluttspelet frå gruppespel. 

J16 møtte Askvoll 2 i 1/8-finalen som endte med siger 4-0. I kvartfinalen var det Førde som stod på andre banehalvdel og etter nok ein siger (2-0), var det klart for semifinale mot Sogndal. Etter ein jamn kamp måtte det straffekonkurranse for å skille laga, her var sogningane for sterke og tok seg til finalen. Stryn møtte Vik i bronsefinalen. Også her endte det med straffekonk og nok ein gong vart motstanderen for sterke. Dermed 4.plass av totalt 20 lag til Stryn J16.


J19 gjekk til kvartfinalen frå gruppespelet. Her vart det siger 2-0 mot Askvoll/Holmedal og dermed semifinale mot MTG. Nok ein siger (4-1) i semien og Stryn J19 var klar for finalen mot Førde. Finalen endte med knappast mogleg tap (0-1), men likevel ein fin sølvmedalje til Stryn!

Stryn Fotball gratulerer med solid innsats for både J16 og J19! Vi gratulerer også Loen J14 som gjekk heilt til topps i turneringa etter 3-0 siger over Førde i finalen!




Sparebanken Vest med stor gåve til Stryn Fotball på Fotballfesten!

Postet av Stryn Fotball den 7. Nov 2023

Sparebanken Vest har vore ein stor sponsor og bidragsytar til Stryn Fotball i mange år. Fredag  signerte banken ny sponsoravtale på 3 nye år med klubben, noko vi set stor  pris på!

Laurdag kveld kom ei ny gladmelding frå Sparebanken Vest!  Midt under Fotballfesten, foran 80 feststemte medlemmar av klubben overleverte Siri Merete Fure ein gåvesjekk på heile kr 100.000 til Stryn Fotball frå banken! Gåva kom som ei stor overrasking på alle saman, og til stor jubel kunne styreleiar Rune Ommedal ta i mot gåvesjekken frå Fure.
 
 Dei ansatte i SPV Stryn har fått med seg at endringar i Lov om pengespill har medført at vi ikkje får godkjent vårt tradisjonsrike Rabattlotteri i 2023, noko som naturleg nok medfører tapte  inntekter klubben har budsjettert med. Dei skjønte kva  dette  betyr for oss og stillte då opp med ei meget gledeleg overrasking på laurdagskvelden!

Stryn Fotball vil med dette rette ei stor takk til Sparebanken Vest for gåva, dette kjem godt med! 




Fullt hus, god stemning og mange prisar på Fotballfesten laurdag!

Postet av Stryn Fotball den 7. Nov 2023

Stryn Fotball arrangerte sin årlege Fotballfest på Isehaug Kafeteria laurdag. 80 stk var påmeldt til festen, med andre ord Fullt hus! Her var spelarar, trenarar/lagleiarar frå både senior og aldersbestemt, sponsorar, utvalsmedlemmar, styret med fleire. Middagen var sponsa av Isehaug som varta opp med nydeleg julemat til gjestane.

Sjølvsagt vart det delt ut prisar og her har du ein oversikt over prisvinnarane:

Årets Spelar 2023:

Årets spelar damer: Emma Dorthea Lødemel
Årets spelar herrer:  Vegard Hopland

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 3.000 gjeve av Ytre-Eide Sport 1. Strynelegenda Per Ytre-Eide var sjølv til stades og delte  ut prisane!

Årets spelar herrer: Vegard Hopland, saman med trenar Jon-Terje Tjellaug og Per Ytre-Eide

Årets spelar damer: Emma Dorthea Lødemel saman med trenar Lise Flægstad og Per Ytre-Eide


Årets unge spelar - SPV talent:

Årets unge spelar - SPV talent damer: Malene Kleppe
Årets unge spelar - SPV talent herrer: Ola Holmlund Ørjasæter

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 2.500 gjeve av Sparebanken Vest - representert av Siri Merete Fure.

Årets unge spelar - SPV talent damer: Malene Kleppe samane med Lise Flægstad og Siri Merete Fure frå SPV


Årets unge spelar herrer - SPV talent: Ola H. Ørjasæter saman med Sportsleg leiar Øystein Hesjedal og Siri Merete Fure frå SPV

Årets lagspelar:

Årets lagspelar damer: Hanna Tenden
Årets lagspelar herrer: Jan Marius Klepp Brekke

Jan Marius var ikkje til stades under utdelinga. 

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 1.000 gjeve av XL-Bygg Sølvberg 

Årets lagspelar damer: Hanna Tenden saman med trenar Lise Flægstad

Årets toppscorar:
Årets toppscorar damer: Emma Dorthea Lødemel
Årets toppscorar herrer: Steinar Hauge (Kretsligane)
Årets toppscorar herrer: Simen Reed Hopland (6.div)

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 1.000 gjeve av Byggtorget Stryn Trelast.



Årets toppscorar damer: Emma Lødemel saman med trenar Lise Flægstad

Årets toppscorar herrer (Kretsligaen): Steinar Hauge saman med trenar Jon-Terje Tjellaug

Årets toppscorar herrer (6.div): Simen Reed Hopland saman med trenar Jon-Terje Tjellaug

Årets trenar - Stian Sandal

Prisen til Årets trenar i Stryn Fotball gjekk i år til Stian Sandal til stor jubel frå salen! Stian trener 2 lag i aldersbestemt fotball og er fast trenar på laurdagstreningane til klubben. Han stiller alltid opp for klubben , også som spelar på Stryn 2 når det trengs! Ein velfortent pris til Stian!

Årets trenar: Stian Sandal saman med sportsleg leiar Øystein Hesjedal


Stryn Fotball vil gjerne takke alle frammøtte som bidrog til ein kjempefin Fotballfest! Takk til alle sponsorane som har støtta oss denne sesongen,! Takk til Ytre-Eide Sport 1, Sparebanken Vest, Byggtorget Stryn Trelast og XL-Bygg Sølvberg for fine prisar til spelarane våre, og ikkje minst takk til Isehaug Kafeteria som stiller med lokale og nydeleg mat til festen!




Nordfjord Ekstra startar opp tysdag 14.november!

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2023

Stryn Fotball sin populære fotballskule startar opp tysdag 14.november!
 
 Stad: Strynehallen
 Dagar: Tysdagar  15.30 - 17.00 f.o.m veke 46/2023 t.o.m veke 11/2024.
         
 Alder: 11-15 år (født 2008-2012)
 
 Instruktørteamet består av: Jon-Terje Tjellaug, Eirik Krossen, Hanna Tenden, Rune Ommedal, Johann Sigurdsson, Terje Aahjem, Odd Rune Flo, Tomas Tjellaug
 

Slik melder du bornet ditt på:
Søk opp Spond-gruppa ved hjelp av denne linken: Påmelding Nordfjord Ekstra
Registrer bornet ditt i gruppa, sjekk at min 1 føresatt er registrert som "Foresatt" med tlf og e-post.
 Du vil etter kvart få tilsendt mld om innbetaling av deltakaravgift via Spond.

Pris:
Kr 1.700 for heile perioden
Ved fleire søsken er prisen kr 1.300 for born nr 2 osv.

Vel møtt!

OBS! BEGRENSA ANTALL PLASSAR!
 
 
 

 




Teknikkskulen startar opp onsdag15.november!

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2023

Stryn Fotball sin populære fotballskule for born 7-10 år startar opp onsdag 15.november!
 
 Stad: Strynehallen
 Dagar: Onsdagar  15.30 - 17.00 f.o.m veke 46/2023 t.o.m veke 11/2024.
         
 Alder: 7-10 år (født 2013-2016)
 
 Instruktørteamet består av: Jon-Terje Tjellaug, Eirik Krossen, Hanna Tenden, Rune Ommedal, Johann Sigurdsson, Terje Aahjem, Odd Rune Flo, Tomas Tjellaug
 

Slik melder du bornet ditt på:
Søk opp Spond-gruppa ved hjelp av denne linken: Påmelding Teknikkskulen
Registrer bornet ditt i gruppa, sjekk at min 1 føresatt er registrert som "Foresatt" med tlf og e-post.
 Du vil etter kvart få tilsendt mld om innbetaling av deltakaravgift via Spond.

Pris:
Kr 1.700 for heile perioden
Ved fleire søsken er prisen kr 1.300 for born nr 2 osv.

Vel møtt!

OBS! BEGRENSA ANTALL PLASSAR!