Lise Flægstad ansatt som ny hovudtrenar for Stryn sitt damelag

Postet av Stryn Fotball den 15. Des 2021

Lise Flægstad er tilsett som ny hovudtrenar for Stryn sitt damelag! Ho overtek etter Are Njøten som har leia laget dei 2 siste sesongane. 
Lise flytta til Stryn for 3 år sidan i lag med familien sin, og i 2021 har ho vore sportsleg leiar for ungdom/senior damer i klubben. Lise og Stryn Fotball skriv med dette klubbhistorie, for dette er fyrste gong klubben har tilsett kvinneleg hovudtrenar i seniorfotballen. 
Trenerteamet rundt damelaget vil bestå av 5 personar, i tillegg til Lise vil Hanna Tenden, Anja Bertine Tomasgård og Are Njøten bli med som assistentrenarar og Kjell-August Ytre-Eide fortset som keepertrenar for laget. 
I tillegg til å ha spelt fotball sjølv i Steinkjer har ho også trenererfaring på seniornivå frå Steinkjer og ungdomsfotball i Oslo. 
Vi ynskjer Lise, resten av trenerteamet og spelarane lukke til med sesongen 2022. 
På biletet ser vi dei tre kvinnelege representantane for trenerteamet: F.v Anja Tomasgård, Lise Flægstad og Hanna Tenden. Foto: Thomas Thaule/Fjordingen




Saman reddar vi liv i idretten!

Postet av Stryn Fotball den 29. Nov 2021

Stryn Fotball deltar i NIF/NFF sitt prosjekt "Sammen redder vi liv i idretten"! 
Dette er ei satsing for å auke antall og tilgjengeleghet på Hjertestartarar på idrettsanlegg rundt omkring i landet. Gjensidigestiftelsen har bidratt økonomisk til innkjøp av utstyr, og mot ein liten eigenandel får klubbane som er med i prosjektet ein livreddande utstyrspakke som består av:
- Hjertestartar
- Utandørs varmeskåp til oppbevaring av Hjertestartaren
- To øvingshjertestartarar
- To øvingsdukker
Målsettinga er at alle lag i klubben frå 12 år og oppover til senior, årleg skal gjennomføre kurs i Hjerte- og lungeredning. Kurset vil være obligatorisk for spelarar, trenarar og støtteapparat og det vil også være mogleg for interesserte foreldre å delta. 
Stryn Fotball  har inngått avtale med Stryn Røde Kors som vil bidra til å halde opplæringa. Vi kjem tilbake med meir info om dette når vi startar over nyttår. 
Fredag monterte Jonny Rustøen frå Øvreberg Installasjon opp Hjertestartaren på veggen til Klubbhuset, og den er no tilgjengeleg 24/7.




Årets speler herrer: Trym Vatn Øvreberg

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Sondre Holmlund Ørjasæter fekk tidlegare i år utdelt prisen for Årets spelar herrer 2020.

På fotballfesten vart det utdelt pris for 2021 og den var det 18 år gamle  Trym Vatn Øvreberg som vann.  

Også han fekk pokal og gåvesjekk kr 3.000 frå Ytre-Eide Sport AS, utdelt av Per Ytreeide på vegne av vår sponsor!

På biletet ser vi Trym saman med trenar Øystein Hesjedal og Per Ytre-Eide. 





Årets spelar damer: 2020 - Olivia Wemby og 2021 - Sofie Njøten

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Vinnaren av prisen for årets spelar på Stryn Damer er det spelarane sjølve som stemmer fram og denne prisen heng nok derfor litt ekstra høgt blant seniorspelarane. 

Av velkjende årsaker vart ikkje denne prisen delt ut i 2020 og Per Ytre-Eide frå Ytreeide Sport hadde derfor i år gleda av å dele ut prisen både for 2020 og 2021.

Vinnar for 2020 vart Olivia Wemby og for 2021 var det Sofie Njøten som var spelaranes valg.

Begge to kunne motta pokal og gåvekort kr 3.000 frå Ytreeide Sport AS!

Her ser vi dei i lag med trenar Are Njøten og strynelegende Per Ytre-Eide.





Årets Lagspelar damer: Emma Njøten

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Kriterier for Lagspelar/Fair Play-prisen er mellom anna godt treningsoppmøte, gode haldningar og verdiar samt evnen til å setje klubben og lagkameratane foran seg sjølv.
Det er litan tvil i at Emma Njøten opppfyller alle kriterier for prisen og det var såleis fullt fortent når ho kunne motta pokal og gåvesjekk på kr 1.000 frå Pretre AS under Fotballfesten i år!




Årets unge SPV-Talent herrer: Johannes Konstali-Lødemel

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Også på herresida er det veldig mange unge lovande spelarar i Stryn for tida, og ein av dei, 16 år gamle Johannes Konstali-Lødemelfekk prisen for Årets unge SPV-talent 2021! Johannes var ikkje tilstades på Fotballfesten men her er eit bilde som er teke etter at han mottok pris og pokal!



Årets Sparebanken Vest - talent: Malin Eikenes Tjellaug

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Stryn sitt damelag består av mange unge talentfulle spelarar. Malin Eikenes Tjellaug er ei av dei og laurdag mottok ho prisen for Årets unge spelar! Prisen består av pokal og gåvesjekk på kr 2.500 gjeve av Sparebanken Vest.

Her ser vi Malin etter at ho har motteke prisen frå trenar Are Njøten og Lisbet Mikkelsen frå Sparebanken Vest.  





Toppscorar 5.div herrer: Rasmus S. Tjellaug

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Rasmus S. Tjellaug vart toppscorar for Stryn sitt lag i 5.div. Han var ikkje tilstades på Fotballfesten men også her var prisen pokal og gåvekort kr 1.000 gjeve av Stryn Trelast - Byggtorget.
Foto: Haugen Fotball/Stig Høynes




Toppscorar Kretsligaen: Sondre Holmlund Ørjasæter

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Sondre Holmlund Ørjasæter  scora i år 10 mål i Kretsligaen og vart med det mestscorande for Stryn. Også han fekk pokal og gåvekort kr 1.000 gjeve av Stryn Trelast - Byggtorget under Fotballfesten!

På biletet ser vi Sondre saman med sportsleg leiar senior/ungdom herrer, Per Ole Tenden.





Toppscorar 3.div damer: Emma Dorthea Lødemel

Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Stryn Fotball sin årvisse Fotballfest vart arrangert på Isehaug Kafeteria laurdag kveld!
Isehaug varta som vanleg opp med nydeleg julemat i julepynta lokaler og laga ei meget triveleg ramme for festen.
Det vart også delt ut mange prisar til spelarar og frivillige i klubben og fyrst ut var toppscorar for damelaget. 
I år var det Emma Dorthea Lødemel som kunne motta prisen som bestod av pokal og gåvekort på kr 1.000,- gjeve av Stryn Telast - Byggtorget! 
Dorthea scora  15 mål for Stryn denne sesongen, og vart med det også toppscorer i 3.div kvinner 2021. På biletet ser vi Emma saman med trenar Are Njøten.




Heider til Pål Erik Ytreeide frå NFF Sogn og Fjordane

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2021

Under Kretsligakampen mellom Stryn og Førde for 14 dagar sidan vart Førde-spelar Elias Rognebakke liggande på bakken etter at han fekk ballen knallhardt i hovudet. Stryn sin keeper, Pål Erik Ytreeide reagerte lynraskt og sprang umiddelbart til for å hjelpe Rognebakke. "Polly" passa på den skadde spelaren i nesten 30 min og sørga mellom anna for å halde hovudet stabilt heilt til ambulansen kom til staden. 

I etterkant av kampen sendte Førde IL Fotball eit skriv til Fotballkretsen der dei beskreiv situasjonen og framheva spesielt innsatsen som Pål Erik hadde vist i samband med skaden.  Førde oppfordra samstundes kretsen til å framheve Pål Erik Ytreeide i form av ei Fair Play utmerking. NFF Sogn og Fjordane tok innspelet frå Førde på strak arm, og før kampen laurdag delte nestleiar i kretsen, Jon Georg Rutledal, ut blomster til Ytreeide. Det var nok ikkje berre  Polly som vart rørt av denne hendinga som skjedde til stor applaus frå publikum, dommartrio og spelarane frå Måløy og Stryn. 

Førde ynskjer samstundes å understreke kor viktig det er med kunnskap om livreddande førstehjelp og at klubbane har fokus på dette arbeidet, ei oppfordring også vi i Stryn Fotball stiller oss bak. 

Takk til Førde IL Fotball for initiativet til utdelinga og til Fotballkretsen som stod for sjølve utdelinga. Dette er noko både Polly og klubben satte stor pris på.

Førde informerer også om at det står fint til med Rognebakke, noko som er særs gledeleg å høyre!

På biletet ser vi Pål Erik Ytreeide i lag med nestleiar i NFF Sogn og Fjordane, Jon Georg Rutledal. (Foto: Stryn Fotball)



Stryn på 3.plass i Kretsligaen 2021

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2021

Stryn vann 3-2 heime mot Måløy i årets siste kamp i Kretsligaen og tok dermed 3.plassen etter samamlagtsiger 10-5! 

Som i fyrste kampen var det Måløy som kom best i gong og allereie etter 8 min ved Dodaj. Ei sein scoring av Espeland sørger for at laga tar pause på stillinga 1-1. 

I andre omgong er det heimelaget som scorar fyrst, Wdowiak er frampå allereie etter 2 min og sender Stryn opp i leiinga. Det blir ny spenning i kampen når Fleten utliknar for gjestane men Steinar Hauge sørgar for at det blir heimesiger med si 3-2 scoring etter 77 min. For øvrig hans fyrste scoring for "A-laget".

Vi fekk også ein debutant på laurdag. Johannes Fredheim, son av stryne-legende Arnt Magne, fekk sine fyrste minutt i seniorfotballen då han vart bytt inn i 2.omgong. 

Etter kampen fekk Stryn sin trenarduo, Øystein Hesjedal og Jørn Peder Sætre, overlevert blomar frå klubben som takk for godt utført jobb denne sesongen. 

Vi gratulerer Øystein, Jørn Peder og resten av karane med 3.plassen i Kretsligaen 2021 og ynskjer Kretsmeistrar Førde lukke til med kvalik-kampane.

Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball




Gode bidragsytarar til NFF Sogn og Fjordane si jubileumsbok

Postet av Stryn Fotball den 21. Okt 2021

I samband med NFF Sogn og Fjordane sitt 100-års jubileum neste år, er journalist Stig Roger Eide engasjert til å skrive jubileumsboka. 
Han er no på rundreise til klubbane i Sogn og Fjordane og samlar inn gode historier frå fotball-banene opp gjennom åra. 
Laurdag var turen komen til Stryn og vi hadde derfor samla eit knippe med engasjerte fotballfolk med lang fartstid i Stryn Fotball. Historiene satt laust og Stig Roger noterte ivrig. Sjølv om kanskje ikkje alt tåler "dagens lys" blir nok ein del av dei å lese i boka neste år. 
På biletet ser vi gjengen samla:  Frå venstre forfattar Stig Roger Eide, Paul Hool, Nils Petter Hauge (med ryggen til), Jarle Lien, Per Sætre og Jon Einar Aaberg. Også dagleg leiar John Os fekk gleda av å være med ei stund. 
Foto: Evy Rossetvik, Stryn Fotball
Vi gleder oss til boka kjem ut!




Damelaget avslutta med målkalas

Postet av Stryn Fotball den 21. Okt 2021

Stryn spelte sesongens siste heimekamp i 3.div damer i går og damene avslutta med stil når dei vann heile 9-2 over Sogndal!
Heimelaget gjekk rett i angrep frå start og før minuttet var spelt stod det 1-0. Stryn fortsatte å spele seg fram til store sjansar, og hadde auka til 5-0 når stadionuret viste 35 min. 
Elisabet Orrestad Nilsen reduserte 2 gonger for gjestane, like før og like etter pause, men det hjalp lite for heimelaget ga seg ikkje før det stor 9-2. 
Målscorarar for Stryn: Emma Dorthea Lødemel (4), Emma Njøten (2), Sofie Njøten, Hege-Renate Glosvik Espeland og Olivia Vollsnes Wemby. 
Stryn avsluttar sesongen med bortekamp mot Førde søndag. 
Etter kampen fekk trenarteamet Are Njøten og Hanna Tenden overrekt velfortente blomster frå sportsleg leiar Ed Nordang og Styreleiar Ivar Paulsen. 
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball



Vellukka Messecafe også i år!

Postet av Stryn Fotball den 12. Okt 2021

Strynemessa er over for denne gong, og med det også "Årets største dugnadshelg" for Stryn Fotball! 
Vi har for fjerde gong hatt ansvaret for cafedrifta i Strynehallen under messa, og mykje folk har vore i sving slik at vi kan stille med eit topp cafe-tilbod heile helga.
Takk til alle som velvillig har stilt opp som betjening i cafeen, og til alle dåkke som har levert kaker, vaffelrøre, bollar osv. Ei stor takk også til Pensjonistgruppa vår, med Edel Rekdal i spissen, som har laga nydeleg betasuppe til cafeen gjennom heile helga! Takk til alle dykk som har handla i cafeen vår, ved å kjøpe mat hos oss bidreg de også til at born, ungdom og vaksne får eit godt aktivitetstilbod i Stryn:-). 
Men alt dette hadde ikkje latt seg gjere utan god planlegging og organisering. 
Tusen takk til Evy Rossetvik, som legg ned eit enormt arbeid både i forkant og etterkant av messa, i tillegg til at ho heile helga er i sving i Strynehallen frå tidleg morgon til lenge etter at messa er stengt for dagen!




Stryn 2 avslutta med siger over Selje!

Postet av Stryn Fotball den 12. Okt 2021

Stryn 2 avslutta sin sesong i 5.div med siger 3-2 over Selje i Loen søndag. 
Samarbeidsprosjektet mellom Vikane, Loen, Oppstryn og Stryn tok dermed 9 poeng på sine 4 siste kampar i årets serie og endte til slutt på 8.plass i divisjonen. 
Stryn 2 låg under 0-2 allereie etter 15 min, men når Steinar Hauge reduserte til 1-2 etter 23 min starta snuoperasjonen. I løpet av 6 min tidleg i andre omgong hadde Daniel Vilnes Gjervik og Ole-Ivan Glosvik Espeland sørga for at heimelaget gjekk opp til 3-2, noko som heldt seg kampen ut. 
Tidleg i haust såg det imidlertid mørkt ut for eit "Lag 2" på herresida i Stryn kommune. Loen/Vikane og Oppstryn hadde begge måtte trekke sine lag i 6.div og også Stryn 2 sleit med å stille lag i 5.div.
Men det er ikkje tilfeldig at vi får til mykje her i kommunen vår! Klubbane gjekk i dialog og resultatet av samarbeidet vart over 20 stk på trening og ei sterk sesongavslutning! Laget har trena og spelt sine heimekampar på den fine, nye kunstgrasbana i Loen. 
Etter kampen fekk trenar Geir Inge Rake ein velfortent blomsterbukett av sportsleg leiar ungdom/senior herrer i Stryn Fotball, Per Ole Tenden. 
Begge bileta er tekne av Stig Høynes/Haugen Fotball. 
Stryn sitt lag i Kretsligaen hadde spelefri denne helga, og nytta høvet til å ta ein tur til Bergen. På programmet stod det ein treningskamp mot Brann, som til slutt enda med 8-0 siger til Tippeligalaget. 
Kretsligaen vert avslutta komande laurdag med toppkampen mellom Stryn og Førde på Stryn Stadion. 
Også 3.div damer er i sluttfasen no, onsdag 20.oktober tar Stryn i mot Sogndal på heimebane før dei tar turen til Førde og sesongavslutning 24.oktober.


Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball

 

 



Fair Play pris til Solveig Fure

Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2021

I pausen på kampen mellom Stryn og Studentspretten søndag vart det delt ut Fair Play pris! Solveig Fure frå J11 var nominert av sine trenarar og prisen vart delt ut av Fair Play ansvarleg  Anne Siri Vik. 

I nominasjonen står det mellom anna: "Solveig er ei jente som bidreg positivt både på og utanfor bana. Ho er ei veldig god lagvenninne, som behandler alle på laget likt. Solveig held alltid humøret og innsatsen oppe under kamp, uansett resultat, og motiverer dei rundt seg til å yte sitt beste. Solveig er fokusert på trening, tek imot beskjeder, og viser stor interesse for å lære meir. Sist men ikkje minst, så er Solveig ei som alltid viser omsorg for dei andre på laget, og stiller alltid motivert til kamp."

Stryn Fotball gratulerer Solveig med velfortent pris:-) Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball




Ny runde for seniorlaga våre denne helga

Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2021

I Kretsligaen er det fortsatt spenning i toppen av avdeling 2 i og med at både Stryn og Førde vann sine kampar på laurdag.  I bortekampen mot Kaupanger sørga Hubert Wdowiak (2), Trym Vatn Øvreberg og Sondre Holmlund Ørjasæter for ein sterk 4-0 siger til Stryn. Stilling til pause var 2-0 til Stryn. 

Også Stryn sitt damelag tok 3 nye poeng etter 6-3 heime mot Studentspretten søndag. Til pause stod det 4-1, etter scoringar av Alida Bruland, Emma Njøten (2) og Malin Eikenes Tjellaug. Mari Sætrenes-Einbu scora gjestane sitt mål før pause. I andre omgong sørga Emma Dorthea Lødemel og Selma Eikenes Isehaug for at Stryn gjekk opp til 6-1 leiing før eit sjølvmål og Tuva Søeride Solberg fastsette resultatet til 6-3. 

Stryn 2 tok i mot Sogndal 3/Fjøra 2 på Loen Stadion - det endte med eit knepent 1-2 tap. Etter ein mållaus fyrsteomgong kom gjestene best i gang i andre, Sondre Waage Andersen og Nathaniel Maristuen scora to for bortelaget før Saeed Tajik reduserte for Stryn 2 med 20 min igjen. Fleire scoringar vart det ikkje og Sogndal 3/Fjøra 2 kunne dermed reise heim med alle 3 poenga.  

På biletet ser vi Hubert Wdowiak som vart tomålscorar for Stryn i kretsligaen laurdag. Hubert kom til Stryn frå Bremanger tidlegare i vår. 



2 sigrar og 1 uavgjort for seniorlaga våre denne helga

Postet av Stryn Fotball den 20. Sep 2021

Alle våre 3 seniorlag har vore i aksjon også denne helga og fasiten er 2 sigrar og 1 uavgjort. 
Laurdag tok Stryn i mot Jølster på Stryn Stadion i Kretsligaen. Allereie frå fyrste spark var det liten tvil om at poenga ville bli igjen i Stryn, og heimelaget leia 4-0 til pause etter scoringar av John Erlend Bøe, Vegard Hopland og Sondre Holmlund Ørjasæter (2). I andre omgong fullførte Ørjasæter hat-tricket sitt medan Hopland vart to målscorar når han satte inn 6-0 etter 82 min. Mathias Sunde Årdal reduserte for Jølster like før slutt. 
Søndag var det to bortekampar, damelaget tok turen til Sandane som før denne runden låg på 2.plass bak suverene Førde. Det vart ein jamn og spennande kamp på Sandane Idrettspark, der Emma Dorthea Lødemel sendte Stryn i leiinga rett før pause. 
Kun 4 min ut i andre omgong kom imidlertid utlikninga ved Sara Lothe Rustøen. Malin Eikenes Tjellaug sørga for ny borteleiing, men to kjappe mål av Sara og Kristine Lothe Rustøen gjorde at Sandane snudde kampen. Det låg an til heimesiger på Sandane men på overtid utlikna Kaisa Wemby og fastsette sluttresultatet til 3-3 og poengdeling.
På Eid tok Stryn 2 sine fyrste poeng for sesongen, og det med ein meget overbevisande 4-0 siger over Eid 2. Alle scoringane kom i fyrste omgong, og målscorarar for Stryn 2 var Johan Teigum-Ytreeide, Rasmus Skaare Tjellaug (2) og Jørgen Trøsken. 
På biletet ser vi Stryn 2 juble etter at Johan Teigum-Ytreeide hadde sendt gjestane i leiing allereie etter 3 min. (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)




Stryn J13/14 jublar etter ny siger og avdelingsmeisterskap!

Postet av Stryn Fotball den 10. Sep 2021

Den aldersbestemte fotballen i kretsen vår er i ferd med å avslutte vårsesongen i desse dager. Det høyres kanskje litt merkeleg ut at vi ikkje er ferdige med den enda, i og med at vi nærmar oss midten av september? Men som så mykje anna i desse tider skuldast det sjølvsagt Covid-19. 
Mange av laga får nye avdelings- og kampoppsett basert på resultata i vårsesongen. I ungdomsfotballen betyr dette spel i 1.div eller 2.div i haust. 
Eit av våre lag i J13/14-serien avslutta våren med siger 5-0 over Heia på Eid tysdag. På biletet ser vi ein glad gjeng som jublar over at dei med dette vart avdelingsvinnar og kvalifiserte seg for 1.div spel i haust!


Samarbeid mellom klubbane i kommunen

Postet av Stryn Fotball den 10. Sep 2021

Som alle kjenner til har situasjonen rundt Covid-19 påvirka heile samfunnet i stor grad siste 1 1/2 året, slik også med breiddeidretten. Til dømes har ikkje fotballspelarar over 20 år kunne trent "normalt" i perioden mars 2020 til juni 2021. 
Dette har ført til spelerfråfall og i vår kommune har både Oppstryn og Loen/Vikane måtte trekke sine lag i 6.div. Også Stryn 2 sitt lag i 5.div hadde utfordringar med å stille lag når sesongen starta opp i haust. 
Det er difor kjekt å kunne presentere ei aldri så lita gladsak når det gjeld seniorfotballen i Stryn kommune!  Oppstryn, Loen, Vikane og Stryn har no innleia eit samarbeid med ei målsetting om å sikre kamptilbod på herresida også i framtida, i tillegg til Stryn sitt A-lag herrer som no spelar i Kretsligaen.  
Resultatet av samarbeidet er at det torsdag møtte 24 stk på trening i Loen! Stryn 2 vil i haust bestå av spelarar frå Oppstryn, Loen/Vikane og Stryn og vil spele sine heimekampar på Loen Stadion. Trenar og kampleiar for laget blir Geir Inge Rake.


Prisutdeling i pausen på Kretsligakampen

Postet av Stryn Fotball den 23. Aug 2021

Stryn sitt unge herrelag sørga for god underhaldning og mange scoringar  i 2x45 min under Kretsligakampen laurdag. Men også i pausa skjedde det ting på stadion. 
Nestleiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Jon Georg Rutledal, hadde ikkje mindre enn 3 prisar han skulle dele ut til stryningar som har utmerka seg med godt arbeid for klubb og krets. 
Fyrst fekk Evy Rossetvik kretsens Blå Diplom som blir delt ut til eldsjeler i klubb som har gjort ein lengre vedvarande innsats for klubben. Ho fekk også Honorert Leiarstipend for særskild stort arbeid for fotballsporten i Sogn og Fjordane. 
Etter dette vart Jarle Lien ropt fram til midtsirkelen. Jarle fekk utdelt Kjosenprisen, ein pris som blir utdelt til klubbmedlemmar som i ei årrekke har utført særdeles oppofrande og tidkrevjande oppgåve i klubben. Ein kjent og kjær person som alle set høgt og vil heidre. 
Kjosenprisen heng meget høgt i Fotballkretsen, og Jarle er den niande vinnar av prisen. Han er i godt selskap av mellom andre stryningen Per Sætre som var fyrstemann som fekk prisen, og prisutdelar Jon Georg Rutledal som fekk prisen i 2019!
Stryn  Fotball gratulerer prisvinnarane!
På bileta ser du prisvinnarane Jarle og Evy, samt Jarle saman med nestleiar i kretsen Jon Georg Rutledal og styreleiar i Stryn Fotball Ivar Paulsen.



Stryn med solid 7-0 siger over Kaupanger

Postet av Stryn Fotball den 23. Aug 2021

Stryn fortsatte sigerrekka med ein solid 7-0 siger heime mot Kaupanger laurdag, og står no med 9 poeng på sine tre fyrste kampar. 
Kun målskilnad skil topplaga Førde og Stryn så langt. 3 seine scoringar i fyrste omgong signert Sondre Holmlund Ørjasæter, Sigurd Fotland Fænn og Hubert Wdowiak sørga for ei fortent 3-0 leiing til pause. 
Heimelaget fortsatte etter pause og 4-0 kom etter ei ny frisparkperle frå Trym Vatn Øvreberg tidleg i andre omgong  Deretter sørga scoringar frå Vegard Hopland, Sondre Ørjasæter og eit sjølvmål gjorde at det til slutt stod 7-0 på måltavla. 
På biletet ser du Stryn sine spelarar saman med fersk Kjosenprisvinnar Jarle Lien.
Les meir om kampen i Fjordingen:
ttps://www.fjordingen.no