Florø og Hubert vart for sterke

Postet av Stryn Fotball den 13. Mar 2024

Stryn sin einaste målscorar i kveld, Tomas Eikenes Tjellaug (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)

Trenar Jon-Terje Tjellaug etterlyste meir trøkk i laget sitt, men såg også enkelte lyspunkt.

- Vi gjev det eit forsøk. Eg er fornøgd med måten vi spelar av første pressledd til tider. Også ok fornøgd med vårt eige presspel i enkelte periodar. Sjølv om Florø ledar 3-0 til pause syns eg ikkje dei skapar all verden på oss denne omgangen. Dei skapar meir i andre omgang, sjølv om dei her scorar berre eitt. Vi lærer at vi må opp på eit høgre nivå når det gjelde duellspel, intensitet, forflytning og balltempo. Kommunikasjonen innad i laget må også bli betre. Vi får stå på vidare og bygge stein på stein.

Les referat på Firda Live her:
https://live.firda.no/fotball/1/2024-03-13/2386574


Stryn - Florø: 1-4 (0-3)
1.kval.runde NM, Stryn stadion, onsdag 13.03.2024

Mål:
0-1 Oghenetega Agberhiere (11 min)
0-2 Hubert Karol Wdowiak (22 min)
0-3 Hubert Karol Wdowiak (24 min)
0-4 Tobias Grotle Herstad (53 min)
1-4 Tomas Eikenes Tjellaug (straffe 65 min)

Stryn:
Christian Strand - Jonas Hopland, Johannes Fredheim, Jesper Jepsen, Marcel Kucab - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug, Jan Marius K. Brekke (Sokrates Ullebø Hool i 16 min) - Mohammad Ali, Sigve Aabrekk (Georg Hopland i 35 min), Vegard Sæten Hopland (Simen Hopland i 22 min).

Hubert Wdowiak synte seg vanskeleg å stoppe   (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Mohammad Ali lurer eit par blåtrøyer  (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Øystein Hesjedal og Jon-Terje Tjellaug. Dei diskuterer neppe strikkeoppskrifter. (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Johann Sigurdsson måka ned ei pølse med brød etter kampslutt. Skrubrus, sennep og ketsjup er innan rekkevidde (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)



Stryn møter Florø i cupen i kveld. - Berre å gje gass!

Postet av Stryn Fotball den 13. Mar 2024

Stryn og rutinerte Vegard Sæten Hopland er klar for årets første offisielle kamp, i kveld kl 19 på Stryn stadion.

Florø tek turen inn i fjorden, og dei tidlegare bruntrøyene må finne seg i å ha favorittstempelet.

- Det blir spennande å kome i gang med tellande kampar! I kveld får vi testa oss mot eit antatt betre lag, så det er viktig for oss å ha trua. Vi får berre gje gass!, seier ein offensiv Vegard.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Stryn stadion i kveld!

Avspark kl 19.00.






Generalprøve mot Stranda på fredag!

Postet av Stryn Fotball den 6. Mar 2024

Stryn sitt herrelag spelar treningskamp mot Stranda på Stryn stadion fredag 8.mars kl 1830. 

Dette blir dermed trenar Jon-Terje Tjellaug (bildet) og assistent Mats Solheim sin siste sjanse å sjå sine spelarar i kampsituasjon før alvoret brakar laust komande onsdag (13.mars). Då kjem Florø på besøk, for å avgjere kven som skal avansere frå NM-cupen sin 1.kvalifiseringsrunde.

- Ja, dette blir siste test før cupkampen mot Florø. Mot Stranda håpar eg å sjå igjen det vi har hatt fokus på i det siste. Eit godt presspel og gode bevegelsar, spesielt på siste tredjedel. Vi jobber med å vere tolmodige, vere litt kritiske i valga våre og unngå enkle balltap. Forhåpentlegvis lukkast vi med det mot Stranda. Det har vore ein utfordrande vinter, men no er vi bra med spelarar på trening og får øvd på det vi vil sjå igjen i kamp, seier Tjellaug.

Har du lokalfotball-abstinensar? Kom på Stryn stadion fredag kveld kl 1830 og sjå Stryn mot Stranda.




- Vi jobba sokkane av oss

Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023

Kevin har nettopp heada inn 1-1 mot Høyang (foto: Stig Høynes, haugenfotball.no)

Etter ein nervepirrande kamp, med bl.a. to raude kort, drog Stryn i land 3 poeng etter ein kraftanstrengelse i andre omgang. Målscorarar var dei to Selje-karane Kevin Hoddevik og Mohammad Ali.

Dagens stryning: Ole-Ivan Glosvik Espeland.

Trenarane Jon Terje Tjellaug og Mats Solheim var svært fornøgde med at alle poenga vart igjen i Stryn.

- Vi er veldig gode dei første 30 minutta. Balltempo, bra bevegelsar, bra valg. Mellom 16-meterane er vi gode. Det manglar fortsatt sluttprodukt i form av mål og endå fleire sjansar, men det skal vi få til. Andre omgong blir prega av det raude kortet til Vegard, men vi løyser det veldig bra. For Mats og meg er dette kanskje den kjekkaste omgangen i år. Gutane gjer det dei skal, og jobbar skjorta og sokkane av seg for kvarandre.  Tidlegare har vi ramla litt saman når vi møter motgang, i dag stod vi i det. Karakter kallar eg slikt, og det er slik eit Strynelag skal sjå ut. Det viser at vi utviklar oss, seier Tjellaug etter kampen. 


Les referat på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209818/


Stryn - Høyang: 2-1 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 23.09.2023

Mål:
0-1 Mentasenote Girmissi (21 min)
1-1 Kevin Hoddevik (29 min)
2-1 Mohammad Ali (74 min)

Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø (Sigve Aabrekk i 3 min), Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Mohammad Ali i 23 min), Kevin Hoddevik - Ola Ørjasæter (Marcel Kucab i 9 min), Steinar Hauge, Saeed Tajik



3 poeng, vind og ekstremt gode sveler

Postet av Stryn Fotball den 9. Sep 2023

Ein glad gjeng etter kampslutt i Bremanger, med dei fire målscorarane i front. Håvard Kroken, Sigurd Fotland Fænn, Tomas Tjellaug og Mohammad Ali.


Stryn var i dag ut til vakre Bremanger for å knive om tre poeng i Kretsligaen. 

Eit heiltent heimelag kjempa Stryn ut av stilen frå start, og tok leiinga på ei kontring etter 14 minutt. Etter Bremanger sin friske start, synte Stryn seg som det beste laget. 

Utlikninga kom då Tomas Tjellaug klinka til frå 18 meter, og via ein Bremanger-forsvarar suste ballen i nettmaskene bak keeper.

Resten av omgangen var meir eller mindre eit konstant press mot eit lavtliggande heimelag, og Stryn burde definitivt leia til pause. Mellom anna hadde Vegard Hopland eit frispark i stolpen, og Steinar Hauge ei heading i tverliggaren.

Men Stryn måtte vere tålmodige i relativt sterk vind på Bremanger stadion. 6 minutt etter pause svinga Ole Ivan G. Espeland inn ein presis corner, og Mohammad Ali si heading var like presis.

Første halvdel av andre omgang var Stryn sin beste periode i kampen. Mykje vart avgjort då Tomas Tjellaug sin corner fann Sigurd Fotland Fænn inne i feltet. Sigurd si heading var strålande, sjølv om han i følge seg sjølv kneip igjen augo og håpa på det beste.

Håvard Kroken fastsette sluttresultatet til 1-4 då han utnytta litt panikk i Bremanger sine bakre rekker, og enkelt kunne trille ballen i mål frå 3 meter.

- Det vart ei tålmodighetsprøve for vår del. Vi møter eit kompakt og defensivt heimelag, som vi måtte bruke tid på å opne opp. Til slutt vinn vi fullt fortent, seier ein nøgd trenar Jon Terje Tjellaug etter kampslutt.

Etter kampslutt fikk bortelaget servert kaffi og ekstremt gode sveler. Svelene var smurt inn med smør og sukker. Smaken stod til terningkast 6. Høg klasse. Stryn Fotball takkar Bremanger for kampen, og god servering!


Bremanger - Stryn: 1-4 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023

Mål:
1-0 Vebjørn Igland Nigardsøy (14 min)
1-1 Tomas Eikenes Tjellaug (22 min)
1-2 Mohammad Ali (51 min)
1-3 Sigurd Fotland Fænn (59 min)
1-4 Håvard Kroken (68 min)

Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim (Marcel Kucab i 19 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Jesper Jepsen i 28 min), Jan Marius K. Brekke - Steinar Hauge (Mohamed Ahmed i 10 min), Mohammad Ali (Saeed Tajik i 28 min), Håvard Kroken