Friidrett
Etter mange års dvale for friidretten i Stryn, vart det på nytt skipa ei friidrettsgruppe under Stryn Turn & Idr.lag i fjor, 2011.

Hovudlaget tok initiativ til å lage eit delanlegg for friidrett mellom grasbana og den nye kunstgrasbana, og på seinsommaren
i fjor stod eit kjempeflott anlegg klart til bruk.
Vi starta med treningar 30. august, for barn f.o.m. skulealder og oppover. Interessa og oppmøtet var veldig bra og vi hadde
ca. 90 ungar innom treningane frå august til september.
Med god starthjelp frå hovudlaget fekk vi kjøpt inn mykje godt og kjekt utstyr.
No har vi mellom anna startblokker, hekkar, høgdematter/stativ, stoppeklokker, målband, rakettspyd og bildekk med tau og belter
(til supertung sprinttrening:)).
Målet med friidrettsgruppa er fyrst og fremst å kunne tilby eit godt aktivitetsstilbod til ungane i Stryn.
I lag med dei eksisterande idrettane i bygda kan det veljast i eit breitt spekter av aktivitetar, der vi håpar at alle kan finne sin plass.
Vi legg vekt på å ha varierte og kjekke treningar og vi kombinerar tradisjonelle friidrettsaktivitetar med kreative og
utradisjonelle øvingar.
Her ligg det mykje god BASIS-trening som alle idrettsutøvarar har stor nytte av.
Eit anna mål i denne samanheng er å vere ein aktiv bidragsytar til eit breiare og betre treningssamarbeid
på tvers av særgruppene i idrettslaget.